Ingjerd Erlendsdatter Losna

How are you related to Ingjerd Erlendsdatter Losna?

Connect to the World Family Tree to find out

Ingjerd Erlendsdatter Losna's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Ingjerd Erlendsdatter Losna

Also Known As: "Ingerd", "Inger"
Birthdate:
Birthplace: Losna, Solund, Sogn og Fjordane, Norway
Death: 1526 (71-81)
Borgund, Møre og Romsdal, Norway
Immediate Family:

Daughter of Erlend Eindridesson Losna and Gudrun Olavsdatter Nesøen
Wife of Olav Guttormsen Hanager and Arild Ottesson Kane
Sister of Sigrid Erlendsdotter Losna

Managed by: Cecilie Nygård
Last Updated:

About Ingjerd Erlendsdatter Losna

http://www.nermo.org/slekt/d0030/g0000056.html#I25464

ABT 1450 - AFT ER 1496

   * RESIDENCE: (Hustru Ingegerd) Ingen barn

* BIRTH: ABT 1450, (Losna) Solund, SF (av høgadel)
* DEATH: AFT ER 1496
* EVENT: 15 Apr 1497, (Br. i Trh.: 'minom kære herre oc husbonde Arald Kane')
Ingegerd og mannen var barnløse. Dermed gikk Losna- og Smør-godset i arv til søsteren Sigrids's datter Margrethe.

Kildeinformasjon

1490: DN VIII, nr 426, 11 September 1490: Erkebiskop Gaute (Ivarsson), Biskop Hans (Teiste) af Bergen, Christian Pedersen, Provst ved Apostelkirken, Hr. Nils Henrikssön, ridder, Diderik Pining, væbner og Lagmann Erland Frak i Bergen skifte og dele Jordegodset efter Junker Hans Sigurdssön mellem Hr. Alf Knutssön (af tre Roser) og hans Söskende paa den ene Side, Hr. Otte Matssön (Römer) og hans Söskende paa den anden samt Arald Kane paa sin Hustru Fru Ingerd og hendes Söster Fru Sigrid (Erlendsdötres) Vegne paa den tredie Side.


Ingerd Erlendsdotter Godseier

Innhold

Kilder og litteratur

Død1526 DødsstedBergen Levetid - kommentarTruleg fødd omkring 1440; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende; (seinast 0 Denne artikkelen sto på trykk i Norsk biografisk leksikon. Nyere artikler finner du i Store norske leksikon.

Godseigar. Foreldre: Riddar, riksråd og syslemann Erlend Eindridsson (nemnd 1429–50) og fru Gudrun Olavsdotter (ca. 1415–etter 1472). Gift 1) med riddar og riksråd Olav Guttormsson (død før september 1485), son til riddar og riksråd Guttorm Eivindsson (nemnd 1421–50) og Inga(?) Svalesdotter; 2) før september 1490 med væpnar og riksråd Arald Kane (ca. 1460–1496/97; sjå NBL1, bd. 1), truleg son til væpnar Otte Toraldsson Kane (død ca. 1464) og Borghild Kolbjørnsdotter. Grandtante (mormors syster) til Otte Holgersen Rosenkrantz (død 1525; sjå NBL1, bd. 11).

Med sin ættebakgrunn og sitt omfangsrike jordegods vart Ingerd Erlendsdotter ein sentral person i si samtid. I heile 30 år levde ho som enkje, og kjeldene gjev inntrykk av at ho styrde godssamlinga si med sikker hand. Ho deltok ikkje sjølv i politikken, men utsiktene til å arve henne gjorde at stormenn i alle dei tre nordiske landa måtte ta omsyn til henne.

Ingerd hadde slektsband til fleire av dei mektigaste ættene i Noreg i seinmellomalderen. Faren var den siste kjende representanten i mannslina til Losnaætta, som hadde hovudtyngda av eigedomane sine i Sogn. Mora var dotter til riddaren og riksråden Olav Håkonsson til Nesøya og fru Ingebjørg Jonsdotter av Giske-/Sørumsætta (ikkje Boltætta, som det står i NBL1), og då Erlend Eindridsson døydde, gifte ho seg opp att med riddaren og riksråden Jon Svalesson Smør, som seinare vart riksforstandar. Sigrid, systera til Ingerd, fekk Nesøya etter foreldra og vart gift med riddar og riksråd Bo Flemming. Ingerd fekk fruetittel då ho gifte seg med riddaren Olav Håkonsson, som åtte setegarden Hananger på Lista. Arven etter han gjekk til hans moster, fru Botild Svalesdotter, men fru Ingerd fekk disposisjonsretten til Hananger og andre gardar på Lista i si levetid.

Storgodseigar vart fru Ingerd først då ho som utarving fekk del av det svære godskomplekset som junker Hans Sigurdsson døydde frå 1466. Godssamlinga inneslutta dei gamle stormannsseta Giske, Bjarkøy og Sørum med underliggjande gods, forutan fleire lokalt avgrensa gods, m.a. Dønnes og Tjøtta på Helgeland og Naustdal i Sunnfjord. Junker Hans døydde utan born, og arvingane var tre kvinner, alle syskenborn til junkeren: fru Agnes Alvsdotter, gift med den svenske riddaren Knut Jönsson, fru Gro Alvsdotter, gift med riddaren Mats Jakobsson, og fru Gudrun Olavsdotter, mor til fru Ingerd. Arveskiftet vart først avslutta 1490, og arvtakarar vart borna til dei tre kvinnene: Alv Knutsson og hans bror Jöns, som overtok Giske-/Sørums-delen, fru Ingerd og systera Sigrid, som fekk hovudtyngda av sin arvedel lagt til Nord-Vestlandet og Nord-Noreg, og riddaren Otte Matsson og hans sysken (arva av Ingerd Ottesdotter).

Det var Arald Kane som representerte kona og svigerinna ved arveoppgjeret. Han er nemnd som medlem av riksrådet første gong 1489. Fem år seinare vart sveinane hans klaga for valdsferd i Vika, og av brev frå 1498 går det fram at han saman med nokre av sveinane sine vart teken av dage under ei tingsamling på Sunnmøre. Drapet må ha skjedd før 15. april 1497, for denne dagen gav fru Ingerd nokre eigedomar på Nordmøre og i Sør-Trøndelag til Nidaros domkyrkje, til årtidehald (årleg sjelemesse på dødsdagen) for seg og den døde ektemannen; eigedomane vart dregne tilbake 1556 og slutta saman med resten av arven etter fru Ingerd.

I brevmaterialet blir Ingerd Erlendsdotter omtala som “gamle fru Ingerd”, til skilnad frå slektningen sin på Austrått, Ingerd Ottesdotter (“gamle” fru Ingerd var tremenning til far til Ingerd Ottesdotter). Ho slapp ikkje unna skattekrava til Christian 2, og 1520/21 måtte ho ut med heile 500 mark i tiandepengeskatt. Sjølv meinte ho at ho hadde fått kongens lovnad om å sleppe skatten, men den strenge oppkrevjaren på Bergenhus, Jørgen Hanssøn, køyrde hardt på og “wenthe segh mer pennynghe aff henne”. Eit slikt tilleggskrav måtte han likevel la liggje.

Mot slutten av livet følte gamle fru Ingerd saknet av ein mann eller ein son; “nw er jegh som en villene fogel,” skreiv ho i brev til erkebiskopen i mai 1526, kort tid før ho døydde. Beste hjelparen hennar hadde vore Otte Holgerssøn (Rosenkrantz; sjå NBL1, bd. 11), som døydde 1525, og som ho i brevet 1526 kalla “min kere søn” (ho var moster til mor hans). Dei fleste hadde vore gode mot henne, skriv ho, men ikkje frua på Austrått – “hun haffuer giordt megh then mesthe vreth”. Ingerd Ottesdotter reiste arvekrav og hadde svigersonen Vincens Lunge til å prosedere for seg. Dei andre med arvekrav var borna til Otte Holgerssøn og den svenske riddaren Ture Jönsson (fru Ingerd var tremenning til hans far Jöns Knutsson).

Ingerd Erlendsdotter døydde sommaren 1526; vi kjenner ikkje den nøyaktige dødsdatoen, men ho var i alle fall i live 10. mai og kanskje 20. juni, men 10. august vart det sendt melding til Stockholm om at ho var død. Det vart arvestrid, som først vart avslutta 1529, då ein herredag med hertug Christian til stades avgjorde – med tilvising til arvetalet i norsk lov – at Otte Holgerssøns born skulle ha heile arven. Det var den eldste av dei, Erik Rosenkrantz, som overtok jordegodset, som vart grunnstammen i det omfangsrike rosenkrantzgodset.

Kilder og litteratur

▶DN, bd. 1 nr. 945, bd. 2 nr. 955 og 979, bd. 5 nr. 977 og 981, bd. 6 nr. 625, bd. 7 nr. 620, bd. 8 nr. 426, 538, 558 og 613, bd. 9 nr. 511, 563, 566, 572, 576, 634, 637 og 661, bd. 10 nr. 284, 514 og 570, bd. 11 nr. 696, bd. 13 nr. 413, bd. 18 nr. 341 og bd. 22 nr. 351 ▶Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, utg. ved H. J. Huitfeldt-Kaas og A. O. Johnsen, bd. 1 og 5, 1887/1966 ▶Y. Nielsen: “Om nogle middelalderske Slægter i det vestenfjeldske Norge”, i HT, rk. 2, bd. 2, 1880, s. 1–96 (særleg s. 68–73) ▶H. Koht: biografi i NBL1, bd. 6, 1934 ▶J. A. Nordström: “Ottilia Ottesdotters (Kane) mödernesläkt och Åby gods i Bohuslän”, i NST, bd. 4, 1934, s. 338–341 ▶H. Sollied: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. II. Bolt”, i NST, bd. 7, 1940, s. 261–285 og 289–309 ▶d.s.: “Slekten Darre og Morlanda hovedgård”, i NST, bd. 12, 1950, s. 217–225 ▶P.-Ø. Sandberg: Jordeboka over Hans Sigurdssøns norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimsættens jordegods i Norge ca. 1500, h.oppg. UiO, 1970 ▶ANH, bd. 4, 1996, s. 74 (slektstavle som m.a. viser slektskapen mellom Ingerd og Hans Sigurdsson) ▶G. Leistad: “Nesøya og Nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig ny tid”, i Asker og Bærum Historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346

https://nbl.snl.no/Ingerd_Erlendsdotter



Askje Godset: https://www.nb.no/items/faab4ed7a1f421471aa3e0a8304c6309?page=9&sea...

view all

Ingjerd Erlendsdatter Losna's Timeline

1450
1450
Losna, Solund, Sogn og Fjordane, Norway
1526
1526
Age 76
Borgund, Møre og Romsdal, Norway