Private User Berg Kona til oldemors syskenbarn er innanfor familiegruppa. Sysken til kona til oldemors syskenborn er utanfor familiegruppa.
Eg er elles einig i at det i dei fleste tilfelle er tullete når avdøde personar i eit felles verdenstre kan merkast som private. Det er sjeldan at slike opplysningar er sensitive, men opplysningar om dødsårsak (f.eks. sjølvmord, arveleg sjukdom) har 80 år klausul. Men det er delte meiningar om dette, og ein må berre ta til etteretning at eigarane av Geni har komme fram til at folk skal kunne velje å ha "sine" avdøde profilar private utan innblanding frå andre. Då blir det også mykje rot og mange duplikat.
Med mindre du ynskjer å byggje vidare rundt dei private profilane er det sjølvsagt absolutt enklast å gjere som Private User seier, dvs. slette eigne duplikatprofilar og la treet vere som det er.
Det du elles kan gjere er å be administrator av dei private profilane om å setje profilane til offentleg eller å slå dei saman med dine. Eventuelt blir det enno enklare å byggje vidare på eit felles tre dersom du sender invitasjon til administratoren av dei andre profilane om å bli med i familiegruppe. Då vil de ha full tilgang til kvarandre sine profilar uavhengig av personvern. Forklar i så fall at du ynskjer dette for at det skal bli mogeleg å vise, redigere og/eller flette kvarandre sine private/nolevande profilar slik at ein kan samarbeide om eit felles tre.